Arbeidsdagen startar kl. 8 og varer vanlegvis til kl. 17, men mange dagar seinare også. Det kjem an på kva som skjer. Av og til blir det lange kveldar når det er ei miljøsak som smell, som då regjeringa ga lov til gruvedrift i Repparfjord og dumping av 30 millionar tonn giftig avfall i fjorden.
Produktiv arbeidsdag? At eg kjem meg opp tidleg, får ein god frukost, lagar ei god gjereliste for dagen og tar gode pausar. Ikkje sjekke e-post heile tida, men gjere ei sak om gongen. Og legge møta til ettermiddagen når det er lettare å prate enn å jobbe.
No går det mykje i å få Arbeidarpartiet til å endeleg gå inn for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Me mobiliserer til vardebrenning for å vise det store folkelege engasjementet. Også skal me få regjeringa til å snu om gruvedrift i Repparfjord. Det blir mange møte med folk internt og folk me samarbeider med i ulike parti og andre organisasjonar.
Som leiar i Natur og Ungdom tar du aldri fri frå vervet, men når eg drar heim for å ete middag pleier eg kople av resten av kvelden. Det pleier gå ganske greit. Også hjelper det å ha ein kjærast som også vil ha det slik, ettersom ho også har ein hektisk kvardag, me hjelper kvarandre å kople av.