(Foto: BRUSE)

Heidi Granli

«Eg er heilt avhengig av å væra med andre positive, kreative og engasjerte menneskjer. Då får eg påfyll og kan produsere til eg stupar.»

Alder: 34 år
Yrke: Ordfører, Gol kommune

Søvn

Eg legg meg nærmare 23 men om eg kan vil eg gjerne legge meg før. Eg er utruleg glad i senga mi og har eit godt sovehjarte. Eg står opp når eg må, ikkje før, diverre. Og eg gler meg til eg blir eldre og eg våknar tidlegare om morgonen – av meg sjølv.

Om eg er tilstrekkeleg trøytt sovnar eg ståande. Eg får nok søvn, men får eg for lite så merkar nok folk rundt meg det. Ikkje fordi eg blir gretten, men fordi eg ikkje er like energisk som eg plar væra.

Mat

Her skulle eg veldig gjerne svara gode matrutinar. Men frukosten dett ofto ut, lunsj bare når eg får tid mens middagen blir laga av han eg bur saman med. Heldigvis er eg privilegert som har ein god kokk i hus! Eg likar å teste ut nye ting, men eg er veldig var på konsistens.

«Eg er ekstremt glad i mjølkemat som me si her i Hallingdal, det vil si graut og mjølkesupper. Ellers er gjærbakst ein sikker vinnar hjå meg.»

Jobb

Eg har i praksis ingen arbeidstid. Eg har eit verv som eg har anten eg er på jobb, ute i offentlegheiten eller heime. Men eg er aldri fyrst på kommunehuset, men til gjengjeld så er eg punktleg på alle møter og avtalar innom- og utanomhus. Det er dei gongene eg har sjansen til å drøye at eg av og til benyttar den!

Eg er heilt avhengig av å væra med andre positive, kreative og engasjerte menneskjer. Då får eg påfyll og kan produsere til eg stupar.

No er det mai og taletid. Eg hadde nettopp besøk av heile 4. trinn for å la dei debattere i kommunestyresalen og slik lære dei litt om lokaldemokratiet vårt. Og i kveld får eg besøk frå vår venskapskommune i Bracebrigde i Canada som kjem hit for å feire vår nasjonaldag saman med uss. Dei bidrog med å huse 3000 norske soldatar under opplæring under andre verdenskrig, som seinare kjempa kampane om Norges friheit.

Fritid

Sidan eg er ein veldig sosial person er det faktisk vorte meir å føretrekkje å slappe av heime, men eg har så mange gode vener som dreg meg ut på noko. Og den beste avslapninga finn eg i naturen!

Eg likar å spele og gå turar på føtan og på ski, spele volleyball, synge og være med vener og deira barn. Det gir påfyll!

No for tida byggjer me oss hytte og me brukar mykje av helgane til å gjera mykje av arbeidet sjølve. Anna enn det så er det å ta att det som står stille i heimen undervegs i veka.

Me er mykje ute i naturen saman, for når du bur på Gol og i Hallingdal så er det vanskeleg å setja seg til inne.

Eg likar krim og kostymedrama av seriar (til min sambuar sin fortvilelse) ellers ser eg gjerne ein god dokumentar. Er det mogleg å få synge litt så gjer eg det i lag med andre ellers er det å væra fysisk aktiv.

Mer som dette:

Gunnar Tjomlid

«Hobbyer er for det meste foto/video, YouTube-binging og onani. Sistnevnte tar en del tid, men da raner jeg i det minste ingen banker eller går ute og tagger.»

Kjersti Wøien Håland

«Eg likar best å skrive og sidan skriving er jobben min så veit eg ikkje alltid kva eg skal ta meg til når eg har fri.»

Marta Breen

«Jeg leser stort sett tegneserier på senga. Enten en god tegneserieroman eller blader som Pondus.»

Charlotte Myrbråten

«Jeg blir aldri tørst, så jeg må ha på alarm på mobilen om at jeg må huske å drikke vann.»

Inga Skalmeraas

«På jobb er det fint med musikk som er sånn passe up-tempo og som jeg blir litt glad og får energi av.»

Hilde Paula Heger Voldner

«Mitt favorittsted er Bohuslän sør i Sverige, der er det klatring i verdensklasse og dessuten kan man bade og spise jordbær og drikke billig øl.»

Tina Wulf

«Som kommunikasjonssjef i en fotballklubb er det ofte lange dager, og jeg er stort sett alltid på jobb.»

Diverse

Eli Moen

«Etter ca. 40 år i arbeidslivet er det deilig å ikke skulle stå opp tidlig, måke snø av bilen og haste avsted til jobb. Livet går langsommere og jeg kan gjøre andre ting som jeg selv har bestemt.»

Francesco Vivaldi

«Jobben som anestesilege ved et lokalsykehus er veldig variert. Nå nylig stilte jeg som tillitsvalgt og skal forhandle om ny arbeidstid.»

Nye intervjuer publiseres ikke lenger.

Intervjuer.no ble startet høsten 2018, som et slags eksperiment: Ville noen være interessert i å lese når andre står opp, hva de spiser til frokost og hva de gjør med familie og venner på fritiden? Det høres jo ikke automatisk sånn ut.

I 2022 har vi startet et annet prosjekt, kalt Indexi.no. Her vil interessante personer, severdige filmer og bra musikk indekseres løpende.