(Foto: Anne Valeur)

Signe Fuglesteg Luksengard

«Før var eg alltid på jobb, no har eg blitt opptatt av å ha fritid. Har starta å legge igjen macen på studio – slik at eg ikkje kan arbeide til seint.»

Alder: 28 år
Yrke: Fotograf

Søvn

Eg treng mykje søvn, men er dårleg på å legge meg. Ein ganske dårleg kombinasjon. Eg prøver å bli flinkare på å legge meg til rundt elleve – halv tolv, men klokka blir fort ett eller to. Kvelden og natta er så fin å jobbe på, prate på og kose seg med. Før var eg dårleg til å stå opp, då følte eg at alt flaut resten av dagen. Har derfor skjønt at dagen blir best om eg følger denne rutina: vaknar til alarmen kvart på åtte, står opp etter hovudnyheitene er ferdige, litt over åtte. Ete ein god frukost. Vere på studio ni-halv ti, seinast ti.

Eg sovnar som regel med ein gong. Å ha gode morgonar er et prosjekt eg prøver å bli litt betre på. Der kan eg gjerne få innspel. Foreløpig synest eg radio er fint, og at etter ein dusj er eg vaken. Synest det er veldig fint dei gongene eg har tid til å sitte nede og nyte ein god frukost, ei avis, radio, musikk eller eit selskap. Det blir dessverre litt for sjeldan.

Det går dårleg når eg får for lite søvn over lang tid. Då blir eg meir emosjonell og følsom, etterkvart slapp og tiltakslaus og så sjuk i form av feber. Det er vanskeleg å merke det før det har gått for langt. I sommar gjekk det så langt at eg blødde naseblod kvar dag og måtte sette av ein månad for å komma meg. No når eg ser symptoma som dét komme, må eg lytte til kroppen og heller sove litt lengre, ta ettermiddagslurar eller ha ei «nedehelg» der eg berre kvilar.

Mat

Eg er glad i brødskiva, men har også prøvd å baka knekkebrød og musli. Lunsj er som regel brødskive med egg på kontoret. Mellommåltid ofte cottage cheese med frukt og honning. Middagen blir fort litt sein, men til gjengjeld god og roleg – og det er kjekkast om det har vore eit lite prosjekt der eg har lært noko nytt.

Eg likar veldig godt restaurantar som Habibi, Ahaan/Plah, Lille Saigon, Tekehtopa. Også likar eg veldig godt å laga mat sjølv. Favoritten er andebryst med honning, lauk og hermetisert fersken. Mat går litt i fasar for min del. Forrige veke var det ein del pho, ei vietnamesisk nuddelsuppe. Før det ein del supper som rødbetsuppe med chevrekrem og jordskokksuppe. I haust gjekk det i ein del vilt-eksperiment som med reinsdyr og rype. Av fisk er torsk favoritten. Ja, og taco kan jo vere alt mogeleg moro. Aller kjekkast er det om ein kan hauste maten sjølv. Nyttårsforsettet i år er å sanke meir – både bra økonomisk, miljøvennleg og veldig kjekt.

«Då eg var litt yngre kunne eg klare meg på to glas vatn om dagen. Heilt idiotisk.»

Jobb

I haust gav eg ut ei fotobok, den prøver eg å hjelpe vidare ut i verda både i form av salg, foredrag, festivalar. Arbeidsdagen starter fra rundt 9-10 og varer til alt mellom 15 og 21. Eg må ha ei notatbok der eg skriv alt eg må gjere, har lyst til å gjere og småting eg må fikse ila dagen.

Før var eg alltid på jobb, no har eg blitt opptatt av å ha fritid, og har starta å legge igjen macen på studio – slik at eg ikkje kan arbeide til seint. Eg prøver så godt eg kan å la jobben ligge etter kl. 18. Mailen går som regel ingen plass før neste arbeidsdag uansett, så eg prøver å svare på jobbrelaterte ting innanfor kontortida.

Fritid

Eg likar veldig godt å reise ut og finne på noko, men er også heilt avhengig av å ha heimetid og nedetid. Eg veit ikkje om det finst nokon typisk lurdag eller sundag, men eg likar å sova litt lengre enn i vekene, gjere noko aktivt/prosjekt og enten slappe av eller å reise ut på noko på kvelden.

Eg møter ofte venner. Me drikk te, dansar, går på tur, ler, pratar eller trøystar. Me går på kino, museum og teater. Eller me lagar mat i lag og spelar brettspel. Ellers likar eg veldig godt å vere kreativ: å sy, spikke, lage ting/mat. Ja, også likar eg veldig godt friluftsliv og det å gå i skogen og på fjellet. Aller best likar eg å reise på små eventyr.

Mer som dette:

Arne Berg

«Har balkong i 11. etasje og flight radar på mobilen. Kan sitte en varm sommerkveld og følge flyvninger til hele verden med et glass hvitvin i hånden. Ja, det er sjukt.»

Hanna Hagen Bjørgaas

«Prosjektet mitt akkurat nå er skikkelig spennende. Det er skremmende å innrømme, men jeg vil heller lese om kråkespråk og messinglav enn å dra på fest.»

Leïla Rezzouk Rossow

«For tiden prøver jeg å skrive ned noen ord eller tanker som jeg kommer på når jeg står opp – før jeg har tittet på mobilen.»

Marianne Pfeffer Gjengedal

«Tiden der matstylister brukte hårspray og erstattet iskrem med potetmos er lenge forbi, jeg bruker utelukkende produsentens egne varer.»

Joakim Throndsen

«Som hobby har fotball fått en renessanse. Jeg var 10 år i ørkenen, men nå er jeg tilbake.»

Tor Øyvind Westbye

«Ofte bruker jeg også YouTube som om det var podcast. Det vil si, jeg hører kun på audio selv om jeg spiller av en video.»

Anne Nordheim

«Før kløna jeg mye med podkast; lasta ned fra de ulike pod’enes hjemmesider og sleit ofte med å få spilt av eller finne igjen nedlasta episoder.»

Tete Lidbom

«Jeg tror jeg må vurdere et voksenliv hvor dagsfylla tar over for den mer anerkjente måten å feste på.»

Hilde Paula Heger Voldner

«Mitt favorittsted er Bohuslän sør i Sverige, der er det klatring i verdensklasse og dessuten kan man bade og spise jordbær og drikke billig øl.»

Diverse

Affi Torabbeigi

«Vi jobber med så små tidsmarginer at det ikke er rom for større forsinkelser. At alle kunder kommer tidsnok til timen sin er utrolig viktig!»

Eli Moen

«Etter ca. 40 år i arbeidslivet er det deilig å ikke skulle stå opp tidlig, måke snø av bilen og haste avsted til jobb. Livet går langsommere og jeg kan gjøre andre ting som jeg selv har bestemt.»

Nye intervjuer publiseres ikke lenger.

Intervjuer.no ble startet høsten 2018, som et slags eksperiment: Ville noen være interessert i å lese når andre står opp, hva de spiser til frokost og hva de gjør med familie og venner på fritiden? Det høres jo ikke automatisk sånn ut.

I 2022 har vi startet et annet prosjekt, kalt Indexi.no. Her vil interessante personer, severdige filmer og bra musikk indekseres løpende.