(Foto: Torbjørn Sundal Holen)

Kjersti Wøien Håland

«Eg likar best å skrive og sidan skriving er jobben min så veit eg ikkje alltid kva eg skal ta meg til når eg har fri.»

Alder: 29 år
Yrke: Forfatter og serieskapar på Lovleg på P3

Søvn

Sidan eg var barn har eg hatt periodar med dårlig eller uroleg søvn, og har gått litt i søvne blant anna. Når eg får for lite søvn blir eg meir tungsinna, har mindre tolmod og blir lettare engsteleg for ting. Det har ei forsterkande effekt på alt, virkar det som. Som at noko som ville stressa deg litt, stressar deg mykje. Eg legg meg stort sett rundt tolv/eitt på natta, men det varierer veldig når eg faktisk sovner. Når eg står opp varierer og, men pleier å vere rundt åtte om morgonen.

Eg har ofte macen med meg i senga og jobbar tett fram til eg sover. Eg søv best når eg leser før eg legger meg, og har begynt med det i det siste. Eg søv også bedre av å ha vindauget ope. Minst mogleg påkledning og mest mogleg frisk luft virkar som ein gjenganger når eg søv godt. Og eg må ete mitt siste måltid på dagen iallfall fire timar før eg legg meg, om ikkje meir.

Mat

Eg et stort sett to måltid om dagen. Lunsj og middag. Eg har problem med apetitt om morgonen og det resulterer gjerne i at eg blir veldig sulten til lunsj, noko som gjer at det går litt tid fram til eg blir sulten igjen. Så det er på ein måte mønsteret. Eg er veldig dårleg på å lage mat så lagar ikkje nokre bra matretter og drar sjeldent ut og spiser. Eg spiser pinlege mengder pasta. Men eg er liksom ikkje noko god på å lage bra pasta ein gong. Eg berre har veldig lite kreativitet på matområdet.

«I perioder blir eg verken sulten eller mett. Som i at eg aldri blir sulten, men likevel når eg eter blir eg ikkje mett heller. Det er som om eg er kobla av magen i periodar.»

Jobb

Som forfatter er det så lett å blurre linjene mellom jobb og fritid, og i periodar har eg begge deler samtidig. Det er nesten umogleg for meg å si kva ein normal arbeidsdag er. Det liknar litt skulekvardagen der ein har skuletid og lekser. Eg jobbar kanskje i gjennomsnitt frå 10 til 18, også gjer eg «lekser» på fritida. Har ofte ein lengre pause på ettermiddagen og går tilbake til å jobbe litt på kvelden.

Det som gjer det forvirrande er jo også det at eg elskar jobben min så mykje at eg har den som hovudinteresse, også når eg ikkje jobbar. Eg har tenkt i det siste at eg sikkert burde få meg ein hobby som har lite med skriving å gjere så eg kan gå til noko anna når eg treng litt pause. Mine triks i kvardagen er å ha ein klar plan med deadlines. Ta kjappe pauser når ein står fast. Å ikkje utelukkande jobbe åleine eller i samarbeid, men ein god mix.

Fritid

Eg likar å gå rundt, lese bøker, og vere i lange samtaler med gode venner. Tar gjerne med macen min på ein kafe og sitter der og jobber eller høyrer på podcast. Rusler litt rundt og ser på livet. Kva eg likar best er eit merkeleg eksistensielt spørsmål for meg. Fordi eg faktisk ikkje veit svaret på det.

Eg likar best å skrive og sidan skriving er jobben min så veit eg ikkje alltid kva eg skal ta meg til når eg har fri. Av og til tar eg opp ukulelen og speler litt. Det er det nærmaste eg kjem, men vil ikkje seie at det er ein hobby egentleg. Er ikkje ofte nok til at det kvalifiserer som hobby. Men det gir meg mykje glede fordi eg ikkje forventer så mykje av meg sjølv, berre likar å sitte og klimpre litt.

Mer som dette: ,

Peter Bubresko

«Jeg står opp 4:45. Er på jobb klokken 5:15. Så følger manusmøter og sminke før sendingen starter 6:55. »

Safina de Klerk

«Jeg spiller volleyball, og ser alltid fram til treninger og kamper. For meg er det den perfekte kombinasjonen av trening og sosialt med fine folk.»

Jimmy Westerheim

«For meg gir det ikke mening å ‘koble av’. Jobben min er både jobb, passion og fritid, og jeg har familie, venner og mening på arbeidsplassen.»

Joakim Throndsen

«Som hobby har fotball fått en renessanse. Jeg var 10 år i ørkenen, men nå er jeg tilbake.»

Jarle Savio

Jarle Savio

«Jeg bor på en gård, og nå når det er vår må vi reparere gjerdene etter vinteren, gjøre klar grønnsaksåkeren, koke granskuddsirup, få ferdig drivhuset, flytte humleåkeren og alt annet som hører årstiden til.»

Susanne Grina Lange

«Jeg hører helst på artister som First Aid Kit, Léon eller Maggie Rogers når jeg må konsentrere meg.»

Inga Skalmeraas

«På jobb er det fint med musikk som er sånn passe up-tempo og som jeg blir litt glad og får energi av.»

Svein Graff

«Én er blitt ordfører, tre har lederjobber i NRK og én kommunikasjonsrådgiver med krisekommunikasjon som spesialfelt – så vi er godt skodd.»

Ole Martin Årst (Foto: NRK)

Ole Martin Årst

«Jeg trives når det er mye å gjøre, gjerne litt hektisk. Nå er vi alle medeiere i selskapet og det gjør helt klart noe med motivasjonen.»

Diverse

Hanne Sætre Thunestvedt

«Jeg får sånne raptuser, så for et par måneder siden begynte jeg å male. Da går jeg gjerne all in og handler alt utstyr jeg trenger, men det varer dessverre ikke så lenge.»

Affi Torabbeigi

«Vi jobber med så små tidsmarginer at det ikke er rom for større forsinkelser. At alle kunder kommer tidsnok til timen sin er utrolig viktig!»

Nye intervjuer publiseres ikke lenger.

Intervjuer.no ble startet høsten 2018, som et slags eksperiment: Ville noen være interessert i å lese når andre står opp, hva de spiser til frokost og hva de gjør med familie og venner på fritiden? Det høres jo ikke automatisk sånn ut.

I 2022 har vi startet et annet prosjekt, kalt Indexi.no. Her vil interessante personer, severdige filmer og bra musikk indekseres løpende.